NB! Alle billettar kjem for sal tysdag 20.08. kl. 10:00!

 

Tysdag 20.08. - Hemmeleg Artist

Day One! Opningskonsert hausten 2024. Og du får ikkje vite kven artisten er ein gong?

Er du ikkje litt nysgjerrig? Klarer du å gjette kven?
Vi lovar haustens største hending, eit FOMO-augeblink av dei sjeldne.

Showet startar / artisten blir avslørt: 22:00

Dører: 20:00
 

Onsdag 21.08 – Fadderkviss

Faddervekas aller beste tradisjon - møt nye vener og vinn gjeve prisar på FADDERKVISSEN

Det er maks fem personar per lag! Vi lagar plass til så mange lag vi klarer, men det er avgrensa antal bord, og førstemann til mølla! Mobilbruk er juks og fører til diskvalifikasjon, så legg den vekk og prat med ein ny ven!

Dører: 19:00
Kviss: 20:00

Gratis inngang!

 

Torsdag 22.08 – Oslo Ess

Med sine sju føregåande studioalbum, elleve radiosinglar og eit tusentals konsertar bak seg i det ganske land, skal det vere nesten umogleg å ikkje kjenne lyden av desse rennesteinssjarmørane som har sparka opp dører, knust vindauge og selt ut kjellarlokale, stover og storsalar rundt det ganske land sidan gjennombrotet i 2010.

Fadderveka 2024 - staden er Rokken - dette blir steinfett!

Dører: 20:00
Show Support: 21:30
Show Oslo Ess: 22:30
 

Fredag 23.08 – Ravi

Fekk du ikkje med deg Ravi på byrjinga av 2000-talet, så var du nok anten bevisstlaus eller langt ute i verdsrommet. Sammen med DJ Løv og Folk & Røvere leverte han listetoppar som Utadæsjælåplevelse, Dødsøt, E-ore, Tsjeriåu og Ås to i Osjlo, og dominerte hitlistene og spelelistene landet over. Hausten 2023 gjorde han eit brak-comeback på live-scena med stappfulle konsertar i Oslo og Trondheim, og no tar han med seg band, sceneshow og ellevill stemning til Fadderveka og Volda!

Dører: 21:00
Show: 23:00
 

Laurdag 24.08 – Slippfest: White Lies

Kva har hausten 2024 å by på? Finn det ut når vi slepper HEILE HAUSTPROGRAMMET laurdag 24. august!

Vi byr på ei kveld med episke lysshow, energiske bangers, masse dansing og saaaakleg god stemning. DJ Standal (merk dykk namnet) styrer skuta rett inn på Allsang Allé, og for deg som brukar ein time framfor klesskapet kan festens tema WHITE LIES lette på presset! Berre finn fram ei kvit t-skjorte, skriv på ei kvit lita løgn, og vipps så er du heilt på bølgja

Doors: 22:00
 

Tysdag 27.08 – Infomøte: Bli frivillig!

Tenk at midt inne i ein bortgøymd fjord på Vestlandet ligg Noregs beste studenthus!
Neida.
Joda.

Men korleis går det rundt å drive konsertscene og studentvannhol her oppe? Jo, fordi vi har verdas aller beste, snillaste og finaste frivillige! Flotte studentar som stiller opp og lagar kalas og fest for kvarandre - dette er oppskrifta på både episke morostunder og venskap for livet!

Vil du prøve deg som bartender, vakt, teknikar eller noko anna på huset? Vil du vere med å lage Noregs beste studentbygd? Bli med på infomøte tysdag 27. august, der du kan høyre meir, prate med dei frivillige, og lære meir om NOREGS BESTE STUDENTHUS!

Dørene opnar 18:30
Møtet startar 19:00

PS: Vil du prate med oss før møtet? Finn oss på stand utanfor BK, send oss ein DM eller ta ein prat når du er ute om kvelden!
 

Onsdag 28.08 – Onsdagskviss

Rokken-kvissen er i gang igjen!

OL er berre kvart fjerde år, men på Rokken er det kviss KVAR onsdag! Treng du eit avbrekk frå lesesalen? Har du syyyk kontroll på Liverpools kampstatistikk eller den siste vekas nyheiter? Himmelen lyser for deg, for på Rokken finn du ditt fun-fact-paradis 

Kvar onsdag opnar dørene 19 og kvissen startar 20! Maks fem personar på kvart lag, og laga som held koken gjennom semesteret kan kjempe om den gjeve Sammenlagt-premien!

Gratis inngang!

 

Torsdag 29.08 – Dobbel Standup

Sliten etter første veka? Len deg tilbake og tren lattermusklane med Dobbel Standup! Stjerneskota Pernille Haaland og Erlend Osnes kjem med kvart sitt show, på kvart sitt språk, klare for å bergta bygda!

Les meir om komikarane! (Lenke til FB, tikkio eller kalender-event)

Doors: 18:30
Pernille: 19:30
Erlend: 21:00

 

Fredag 30.08 – Karaoke

La det swinge, la det rock’n roll
La det swinge til du mister all kontroll

Er du klar for KARAOKE? Vi rigger til så du kan belte ut til alle tiders klassikarar med vener, framande eller kanskje solo?

Fredag 30. august er dagen!

Gratis inngang!
Dører: 21:00

 

Laurdag 31.08 - KLIKKEdisko

Det e laurdag, det e tida
For å klikke, som ein klokke
Sjå på tida, den blir bortee…

Vi avsluttar Fadderveka 24 med KLIKKEdisko!!! Det skal smelle, det skal blinke, og det skal dansast til skosålane fell av. Vi kan skilte med Søre Sunnmøre moglegens beste DJ-par, og dei nektar å fortelle meg kva dei har har opp i ermet for kvelden. Du trur du har vore på fest? KLIKKEdisko er alle festars mor!

Dører: 22:00